Norrøne tekster i utval


Norrøne tekster i utval inneheld ei variert samling av norrøne tekster, oppstilt med originaltekst på høgresidene og parallell omsetjing til moderne norsk på venstresidene. Kvart kapittel inneheld ei innleiing som fortel om bakgrunnen til tekstene og gjev råd om vidare lesing

Boka kom vart utgjeven i 1994 vart med tanke på fjernundervisningstilbodet Fjernord, men har seinare vore mykje brukt i undervisninga i norrønt på høgskolar og universitet. Ettersom utgåva har parallell omsetjing er den veleigna til studiebruk.

Dei fleste tekstene har vore utgjevne og omsette tidlegare, men nokre av dei - Soga om nedstiginga i dødsriket og Soga om Margreta - ligg her føre i omsetjing til moderne norsk for første gong.

Den norrøne språkforma er normalisert til den ortografien som ein møter i norrøne grammatikkar og ordbøker. Omsetjingane er til nynorsk, med unntak av dei tre eddadikta, der bokmålsomsetjinga til Ludvig Holm-Olsen er vald.

 


Innhald

Boka inneheld eit utval av eddadikt, skaldedikt, kongesoger, islendingesoger, religiøs litteratur og høvisk litteratur.

Innhaldsliste

 


Trykkfeil

Boka inneheld dessverre nokre trykkfeil. Mest forvirrande er det truleg at stor thorn, Þ, på grunn av ein teknisk feil har kome ut som stor eth, Ð, på nokre av sidene i Gunnlaugs saga ormstungu (s. 219, 221 og 223).

Fullstendig liste over trykkfeil

Takk til gløggsynte studentar og kollegaer som har meldt frå om feil! Meir som er gale? Meld frå til odd.haugen@lle.uib.no

 


Oppretta 10.02.2005.
Sist oppdatert 22.10.2013 av OEH.