Merknader til tekstpensum
i norrønt


 

Merknader til tekspensum i norrønt tok til som eit fotokopiert kompendium i 1989, og dei to første utgåvene kom ut i nokså enkelt format i åra 1989–1991. I samband med utviklinga av fjernundervisningstilbodet Fjernord vart det bestemt at heftet skulle gjevast ut som ei ordinær bok, og Fagbokforlaget i Bergen vart vald som forleggjar. Første utgåva på dette forlaget kom i 1994, og seinare har det vore gjort fleire uendra opptrykk av dette opplaget.

Når boka no etter planen kjem ut i nytt, revidert opplag, har det gjeve meg høve til å rette nokre feil som eg har oppdaga undervegs, og som studentar og kollegaer har gjort meg merksam på.

Lista over rettingar er no lagt ut på denne sida, slik at dei som har det førre opplaget frå 1994 kan rette opp det som bør rettast.

 


Rettingar & tilføyingar til 3. utgåve (1994)

Mindre rettingar i den nynorske språkføringa er ikkje tekne med, t.d. at kjerna er retta til kjernen. Alle referansar er til side- og linjetal i merknadsheftet.

s. 12, l. 8: I tillegg til Iv §94.2 er forma máttkara også forklart i Gb s. 144 (regel 14, petit).

s. 19, l. 7 nedanfrå: Forma er her konjunktiv av vera st. vb. 5. klasse (ikkje av sjá).

s. 28, l. 9 nedanfrå: Betre enn å rekne med eit underforstått [lið] er det å tolke lítt som adverbial, ‘i liten grad’, dvs. menn beiddu lítt griða ‘menn bad i liten grad om nåde’ (fekk ok engi ‘og det var heller ingen som fekk’).

S. 30, l. 7 og 8 nedanfrå: Her bør begge “ek þótti” rettast til “ek þótta”. Heilt feil er det likevel ikkje, for linne verb kunne etter kvart opptre med endinga -i i 1. pers. sing. preteritum, jf. t.d. “ek þótti sem við værim báðir á einu skipi” (Fritzners ordbok, bd. 3, s. 1063, sp. 1, l. 23).

s. 39, l. 3: Her må “[lærleggit]” rettast til “[lærlegginn]” ettersom leggr er eit maskulint substantiv.

s. 39, l. 7 nedanfrå: Den fulle avleiinga blir ein sekvens av reglane 15:2, 2 og 4: *brýn + inar -> *brýnrnar -> *brýnnnar -> brýnnar. Dette er elles eit eksempel på at enkelte avvikande former like lett kan lærast som unike former, sjølv om dei restlaust kan forklarast etter ein serie av reglar.

s. 40, l. 14 nedanfrå: Bruken av þau for personar av begge kjønn er no også omtalt i Gb s. 257.

s. 61, l. 8 nedanfrå: I merknaden til Þrúðvanga skal “akk sing av Þrúðvangr m prop (sterk mask a- eller i-type)” rettast til “akk plur av Þrúðvangar m prop (fleirtalsord, sterk mask a-type)”.

s. 67, l. 2 nedanfrå: Her skal “akk sing” rettast til “dat sing”. Preposisjonen í styrer dativ i lokativisk bruk, í umsjá. Substantivet (um)sjár kan ha dativforma umsjávi (med v-innskot), men førekjem også utan ending, altså samanfallande med akkusativ, jf Gb s. 113, merknad 3 (om ord som har stammeutlyd på vokal, dvs. sjá-) og Iv § 60.2.

s. 83, l. 16 nedanfrå: Kvantoren tveir står her i nøytrum, tvau, rett og slett fordi den kongruerer med det nøytrale substantivet ungmenni i neste linje. Det enklaste er ofte det beste!

s. 93, l. 11 nedanfrå: Her skal oppslagsforma rettast frå kort rotvokal i “biða” til lang rotvokal i “bíða” (alle sterke verb i 1. klasse har lang rotvokal i infinitiv).

s. 103: Oppstillinga på denne sida byggjer på 1. utgåve av Grunnbok i norrønt språk. Frå og med 2. utgåve er det gjort nokre endringar: (1) døma-klassa er delt i to underklasser, med og utan i-omlydd rotvokal (tilsv. ija- og e-konjugasjonen), (2) det er lagt til ei klasse av uregelrette linne verb (slike som þykkja og hafa) og (3) “andre verb” i den blanda bøyinga er kalla “róa-klassa”. Sjå den nye oppstillinga av sida (PDF-fil).

 

 

 


Oppretta 10.01.2006.
Sist oppdatert 22.10.2013 av OEH.