Vilkår for nedlasting

Denne boka kan inntil vidare lastast ned gratis til studieformål ved norske og utanlandske universitet. Boka kan berre lastast ned frå denne sida og må ikkje distribuerast vidare eller leggjast ut for sal.

Dersom boka blir utgjeven på eit ordinært forlag, kan dette tilbodet bli trekt tilbake.


Råd om utskrift

Boka kan skrivast ut i formatet A4, men prøv å få til ei utskrift på begge sider av arket. Då sparar du papir og plass! Kost på deg spiralinnbinding e.l., slik at boka kan opnast flatt.

Omslaget fortener å skrivast ut i fargar, men resten av boka kan godt skrivast ut i svart/kvitt - sjølv om fargar naturleg nok er finast.

Aller best er det å redusere utskrifta til ca. 84% og få den utskriven i formatet 17 x 24 cm. Då ser ho ut som ei skikkeleg bok.


Tysk utgåve

Grammatikken ligg no også føre i ei tysk utgåve (utgjeven på Helmut Buske Verlag i oktober 2013):

Norröne Grammatik

 

Norrøn grammatikk
i hovuddrag

 

 

er skriven for studentar på universitet og høgskolar, men den kan også lesast av dei som har allmenn interesse i det norrøne språket. Grammatikken byggjer på Grunnbok i norrønt språk, som kom med si første utgåve i 1993 og den fjerde og hittil siste i 2001. Sidetalet er halvert i Norrøn grammatikk i hovuddrag, men det meste av innhaldet i grunnboka er framleis med, trass i den sterke nedskjeringa. Målet har vore at dei to bøkene skal vere på talefot, og at dei lesarane som har arbeidd med den kortare utgåva, skal kunne gå til grunnboka og finne fyldigare omtale av mange trekk i grammatikken.

All grafikken i denne utgåva er nyteikna, og nytt er det også at boka er trykt i fargar. Dei viktigaste paradigma står no på mørkare bakgrunn (blå) enn dei mindre viktige paradigma. Ettersom dei allmenne delane er skorne så sterkt ned, er det lagt til ei ordliste med forklaringar på dei språkvitskaplege termane i boka.

NB! Nokre mindre feil i boka er no retta, og ein ny versjon lagd ut 16. juni 2009.
Her er ei liste over det som er nytt:

Rettingar og oppdateringar - 16. juni 2009


Trykt utgåve på trappene!

Etter planen skal grammatikken kome ut på Novus forlag i 2014. Om alt går vel, er han klar til haustsemesteret dette året, men som kjent er det slik at Ting Tek Tid. Inntil vidare er grammatikken berre tilgjengeleg frå denne nettsida.

 


Nedlasting av heile boka

Boka ligg føre som ein PDF-fil og kan lastast ned ved å klikke på lenkjene nedanfor. Siste versjon (per 16. juni 2009):

Omslag - 1,2 MB

Heile boka (utanom omslaget) - 5,8 MB

 


Nedlasting av enkelte kapittel

Dersom du ikkje ønskjer å laste ned heile boka (eller filen blir for stor), kan du laste ned enkelte kapittel. Siste versjon (per 16. juni 2009):

Omslag - 1,2 MB
Tittelsider - 0,1 MB
Forord - 0,1 MB

Kap. 1 Bakgrunn - 2,4 MB MB
Kap. 2 Lydlære - 0,6 MB MB
Kap. 3 Ord og reglar - 0,3 MB
Kap. 4 Substantivisk bøying - 0,3 MB
Kap. 5 Gradbøying - 0,1 MB
Kap. 6 Adjektivisk bøying - 0,2 MB
Kap. 7 Pronominell bøying - 0,1 MB
Kap. 8 Verbal bøying - 0,5 MB
Kap. 9 Valens og rammer - 0,4 MB
Kap. 10 Leddstilling og kongruens - 0,1 MB
Kap. 11 Omformingar - 0,2 MB
Kap. 12 Kategoriar - 0,2 MB

Ordliste - 0,2 MB
Ordregister - 0,1 MB

 


Omslaget

Kalligrafen Bas Vlam har teikna omslaget, inspirert av den gamle norske homilieboka (AM 619 4to), skriven i Bergen kort etter 1200. Sjå eit fullt utsnitt her.

 


Oppretta 15.09.2008.
Sist oppdatert 22.10.2013 av OEH.