Vilkår for bruk

Kapittelet kan lastast ned gratis til studiebruk. Merk at det har status av eit arbeidsmanus, og at det derfor ikkje bør refererast til som eit publisert arbeid.

Handbok i norrøn filologi

www.nofihandbok.no


 

Frå urnordisk til norrønt språk

Då vi planla den andre utgåva av handboka, hadde vi tenkt å ta med eit kapittel om utviklinga frå urnordisk til norrønt. Det var tenkt til utfylling av det som Marit Aamodt Nielsen skriv om den syntaktiske utviklinga i sitt kapittel og til støtte for forståinga av dei eldste runeinnskriftene som Karin Fjellhammer Seim går gjennom i sitt kapittel. Hovudvekta måtte då leggjast på fonologi og morfologi. Etter at Kjartan Ottosson, som skulle ha skrive dette kapittelet, fall frå sommaren 2010, tok redaktøren på seg oppgåva.

Resultatet er eit kapittel som vart i lengste laget. Med sine 800 sider er handboka meir enn stor nok utan dette, og dessutan kunne kapittelet tene på å bli betre gjennomarbeidd. Derfor bestemte redaktøren av handboka seg for å kutte ut sitt eige kapittel, og i staden leggje det ut her.

Alle er velkomne til å laste det ned og lese det. Men hugs å lese det med eit kritisk blikk - det er slik at di eldre materiale ein drøftar, di usikrare er det.

Som nemnt i vilkår for bruk, er dette eit arbeidsmanus. Det vil seie at dei som har synspunkt av ulik art, er velkomne til å melde frå til forfattaren med tanke på forbetring av manuset før det eventuelt blir publisert.

 


Nedlasting

Odd Einar Haugen: Frå urnordisk til norrønt språk (PDF-fil 2,1 MB). Versjon 1.0, 30. desember 2012

 


Oppretta 01.12.2012.
Sist oppdatert 02.01.2013 av OEH.