Norrønt på 500 ord

Vil du ha ein forsmak på norrønt og samtidig få litt hjelp til å kome i gang med grammatikk og ordbok? Last ned dette heftet og sjå korleis du kan gå frå ein tekst til grammatikk og ordbok, steg for steg:

Norrønt på 500 ord

Den nyaste versjonen av dette heftet vart publisert ved UiB i 2019.

Norrøn grammatikk
i hovuddrag

 

 

er skriven for studentar på universitet og høgskolar, men den kan også lesast av dei som har allmenn interesse i det norrøne språket. Grammatikken skil seg ut ved å ha eit gjennomført samtidig blikk på det norrøne språket slik det var i høgmellomalderen. Det vil seie at i staden for å bruke nemningar på ord- og bøyingsklasser frå urnordisk brukar grammatikken ei inndeling som synkront er i samsvar med det norrøne språket, og som dermed er lettare å jamføre med moderne norsk. Til hjelp for lesarane har grammatikken ei ordliste der alle faguttrykka er forklarte.

 


Første utgåve i 2015

Norrøn grammatikk i hovuddrag vart utgjeven på Novus forlag i byrjinga av desember 2015. Boka har stivband og trådhefting, slik at ho kan opnast heilt opp utan at ryggen knekk, og ho er trykt i fargar. Likevel må prisen seiast å vere overkommeleg.

Boka kan kjøpast direkte frå forlaget eller frå bokhandlarar:

Nettbutikken til Novus forlag

 


Norrøn grammatikk i hovuddrag og Grunnbok i norrønt språk

Norrøn grammatikk i hovuddrag byggjer på Grunnbok i norrønt språk, som kom med si første utgåve i 1993 og den fjerde og hittil siste i 2001. Omfanget er halvert i Norrøn grammatikk i hovuddrag, men det meste av innhaldet i grunnboka er framleis med, trass i den sterke nedskjeringa. Målet har vore at dei to bøkene skal vere på talefot, og at dei lesarane som har arbeidd med den kortare utgåva, skal kunne gå til grunnboka og finne fyldigare omtale av mange trekk i grammatikken. Grunnbok i norrønt språk har ei rekkje arbeidsoppgåver (med fasit bak i boka), medan Norrøn grammatikk i hovuddrag som nemnt kan by på ei fullstendig språkvitskapleg ordliste.

 


Tysk utgåve

Norrøn grammatikk i hovuddrag ligg også føre i ei tysk utgåve, utgjeven på Helmut Buske Verlag i Hamburg (1. utg. 2013, 2. utg. 2015). Denne grammatikken kan lastast ned gratis her:

Norröne Grammatik

 


Oppretta 15.09.2008.
Sist oppdatert 01.12.2019 av OEH.